Per Ågotnes til minne

Det var med stor sorg vi fekk høyre at vår gode kollega og venn Per Ågotnes døydde 30. desember, berre 72 år gamal.

Per var ein av Havforskingsinstituttets mest erfarne teknikarar, hadde uante kunnskapar om torskens otolittar og fiskeria. Han jobba mykje på tokt, og ikkje minst på prøvebåten «Amigo» og etterfølgjande prøvebåtar for å samle inn biologiske prøvar av fisk som fiskarane bringa med seg til lands. Per var alltid smilande, blid og villig til å dele sin kunnskap og erfaring. Kort sagt, han var ein bauta ved Havforskingsinstituttet. Han vart difor sårt sakna då han pensjonerte seg - så stort var saknet at han fleire år etterpå har blitt leigd inn av instituttet for å lese torskeotolittar.

Les hele saken med abonnement