Fredag opnar kommunen lenka til nettsida kor alle kan sende inn strilehaikuen sin. Haiku er ei japansk diktform som blant anna er kjenneteikna av at diktet består av tre linjer.

– Tanken er å skape identitet, seier informasjonsmedarbeidar i Øygarden kommune, Vigleik Brekke.

Fram til 3. april kan alle innbyggjarane i den nye storkommunen sende inn forslaga sine.

– Planen er å styrke omdømmet til kommunen. Vi er stolte av kva vi i Øygarden står for. Vi er eit Vestland og eit Noreg i miniatyrform, og eg håpar folk brukar kreativiteten sin og deltar i konkurransen, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Dikt på tre linjer

– Det tradisjonelle japanske haiku-diktet stiller strenge krav til form, men vi legg oss på ein enklare linje, fortel Brekke.

Krava til eit strilehaiku er at diktet må vere fordelt på tre linjer, der kvar av linjene må innehalda komponentane i kommunenamnet Øy-gard-en. For å vera meir presis: Første linje skal innehalda «øy», andre linje «gard» og tredje linje «en».

Dette er eit døme på korleis eit haikudikt kan sjå ut. Haikudikta skal printast på gjenstandar som krus, handlenett og andre artiklar som Øygarden kommune brukar i profilering. Foto: Marit Kalgraf

– Det har vore mykje diskusjon rundt kommunenamnet, men det er irrelevant i denne konkurransen, seier Indrevik.

Eitt eksempel på strilehaiku som kommunen allereie har teke i bruk, er «Gløym Gardemoen, England er nærare» og «Nøysame gardbrukarar lever lenger».

Ettertanke, humor og identitet

Brekke fortel at både ettertanke, humor og identitet er viktig for haikudiktet og at temaet på ein eller annan måte må vere knytt til kommunen. Strilehaikuen kan skrivast på dialekt eller nynorsk.

– Det kan nok kome både vitsar og stikk til den nye kommunen i haikuane, trur Indrevik.

Fleire av haikudikta blir presentert i Vestnytt både på nett og i papiravisa i tida framover.

I tillegg til den konkurransen som er open for alle, skal ungdomsskulane ha ein eigen konkurranse. Men elevane kan også senda inn forslaga sine i til den opne konkurransen, gjennom skjemaet på nettsida til kommunen.

– Det er få som er så kreative og nyskapande som ungdommen, meiner lærar Jorid Saure.

Passar i tida

Deltaking i konkurransen også kan gå inn som ein av dei overordna målsettingane i norskfaget.

– Elevane er vane med å uttrykkja seg i korte tekstar, så dette er ein sjanger som passar i tida, meiner Saure.

Ho håpar haikuane også blir brukt på Instagram med emneknakken strilehaiku.

Saure har fleire idear:

– Haikuane kan pryde fellesareala på skulen, eller skulane kan lage eigne utstillingar eller arrangere haikupresentasjonar. Det er heilt opp til dei enkelte kva dei gjere, seier ho.

Kvar klasse stemmer fram eit bidrag. Av elevbidraga blir det kåra tre vinnarar, første-, andre- og tredjeplass. Desse får kinobillettar og blir automatisk ein del av den opne kommunale konkurransen.

Dikt til ulike høve

Ein jury, med ordføraren i spissen, vil kåre tre vinnarar av hovudkonkurransen. Vinnarane får premiar på 3.000, 2.000 og 1.000 kroner. Øygarden kommune vil også ha retten til å bruke haikudikta som blir sendt inn.

– Vi ønskjer å bruke fleire av dikta til ulike anledningar, seier Tom Georg Indrevik.