17. mai-feiringa: Tips oss, og send gjerne bilete
Vi håpar alle får ein fin dag, og vi ønskjer å visa feiringa i all si prakt i avisa.
Feiringa av nasjonaldagen vart i fjor sterkt amputert av koronapandemien. Også i år blir det ei annleis feiring, der den offisielle delen av markeringa først og fremst er ei bilkortesje. Men vi håpar og trur at det blir ein kjekk dag, og sjølvsagt har vi journalistar ute for å dekkja feiringa.
Kor bør vi vera på 17. mai? Kva bygd eller nabolag har noko kjekt på gang? Kva familie skal gjera noko ekstra gøy? Er det nokon som skal oppretthalda ein mangeårig tradisjon? Eller må nokon leggja tradisjonen på is på grunn av smittevern? Send oss gjerne tips, slik at vi kan formidla stemninga.
På sjølve dagen ønskjer me og bilete frå lesarane, gjerne med ein kort tekst til. Del gjerne bileta med oss på epost.
Mest lest akkurat nå
Motorsykkelfører skadd i frontkollisjon mellom bil og MC
Øygardens nyeste serveringssted
No skal jegerar i heile kommunen følge dei samme reglane
Vei åpen igjen etter frontkollisjon
«Kanalen» mellom Bildøy Marina og Søre Bildøy er så grunn at sjøfarande kan plukka skjell med nevane
Øygarden gir penger til å restaurere en helt spesiell slipp på Shetland