Rong Brass gjorde stor suksess i Brass-NM i februar, og sikra seg opprykk til elitedivisjonen. I år feirar dei dessutan 30 år som korps.

Eigentleg skulle dei ha ein stor jubileumskonsert med mange tilhøyrarar, men koronapandemien sette ein stoppar for slike arrangement. Difor blir det no ein digital jubileumskonsert, overført mellom anna på vestnytt.no.

– Her blir det også intervju med musikantane og andre, og me fortel litt om korpsets historie, seier korpsleiar Arvid Rong.

Konserten finn stad i Lungegaardens kulturarena i Bergen, medan publikum blir å finna rundt om i heimar i Noreg og i andre land.

Konserten byrjar søndag klokka 19. Torsdag kveld var det allereie 20.000 som hadde sett førehandsvideoen Rong Brass har laga. Den kan du sjå under her: