Her blir det god plass no
Kinoen på Straume held ope, men kan berre ha tjue personar i kvar sal.
Sjølv i dei største salane kan det berre vera tjue personar. Foto: Elise Årdal (arkiv)
Korona-tiltaka som kom fredag, inneber at det er forbod mot forsamlingar på meir enn tjue personar. Mange kulturtilbod, inkludert nokre kinoar, har stengt dørene. Men Sotra Kino held ope.
Vestnytt får opplyst at filmprogrammet går som planlagt, med eitt unntak: Det kan berre vera tjue personar i kvar sal under kvar filmframsyning.
Om Sotra Kino snurrar film samstundes i alle fem salar, kan dei altså maksimalt ha hundre kinogjengarar innanfor dørene.
Bryter du korona-reglene, kan du få saftige bøter
Det er kinoens dag laurdag, men det blir alt anna enn den billettfesten kinoane er vande med. I tilfelle der folk har kjøpt billett på førehand og no ikkje slepp inn fordi det er seld meir enn tjue billettar, vil dei få pengane tilbake.
Det er grunn til å understreka at kommunane ber folk halda seg heime, sjølv om det altså formelt er lov å nytta seg av kulturtilbod.
Mest lest akkurat nå
Flere artikler
- KULTUR
Tjue nye julesongar er klare. Tiril og bestefaren har laga ein av dei
- NYHETER
– Er det lov med barnebursdagar? Korona-spørsmåla renn inn
- NYHETER
Filmene kom ikke. Kinobesøket ble halvert
- KULTUR
Avlyser offisiell åpning, men gjennomfører Lysfestivalen
- NYHETER
Glad for nabohjelp då bilen brann
- NYHETER
Panorama stenger til over vinterferien