Har du høyrt endelause historiar frå baby boomers om at dei benka seg rundt «Ønskediktet» på radio fordi dei ikkje hadde TV, og at dei einaste leikane dei hadde var to steinar og ein bjørkepinne som med godvilje kunne likna ei dukke?

Når Videonytt, eller Mix-kiosken som den har heitt i fleire tiår, no har stengt dørene, er tida kome for generasjon X å fortelja liknande mimrehistoriar. Historiar frå den tida då barn og ungdom fekk gå fritt og gjera alt me ville utan at foreldra visste om det eller brydde seg. Det var berre tre ting me risikerte kjeft for: Å bruka narkotika, snakka stygt om Erik Bye og å ikkje spola tilbake filmen etter bruk.

Tykkjer du det er eit ork å løfta fjernkontrollen? Er det slitsamt å klikka seg gjennom Netflix-menyen for å finna noko å sjå på? Blir du fortvila når eit lett fjuskande breiband gjer at filmen stoppar opp i tre sekund? Du anar ikkje kva ork, slit og fortviling er.

I mi tid gjekk det ikkje anna på tv enn mareritt-aktige dukketeater for barn, norske naturprogram der me i beste fall fekk eit nærbilete av ein kongle, og reiseprogram som stort sett handla om at Erik Diesen sat på ein cruisebåt og skildra lettkledde damer på cabaret. Skulle me sjå noko anna, måtte me ringa rundt og koordinera. På fasttelefon. Den hypermoderne tastafonen. Der me gjerne traff ein skummel far, og stotrande måtte spørra å få snakka med sonen eller dottera i huset.

Etter å ha bestemt oss for å leiga film, måtte me spasera tre kilometer på ubrøytte vegar for å koma fram til næraste videokiosk. Som kjent var avstandane mykje større den gongen, og det var alltid ein halvmeter snø. Vel framme på videokiosken starta den store utfordringa: Skulle me leiga ein film der det var sjanser for at det var eit glimt av nakne pupper, eller skulle me satsa på ein film med mest mogeleg vald?

Som oftast vart det valdsfilm, der Arnold Schwarzenegger, Sylvester Stallone, Jean Claude Van Damme eller Steven Seagal drap eit par hundre folk som sjeldan var lyse i huda. Dei gutane som var så ute å køyra at dei bejubla rasistisk vald, ville aller helst sjå Chuck Norris.

Etter å ha blitt samde om kva film me skulle sjå, måtte me gå til kassa og håpa at dei hadde moviebox. For dei færraste hadde videospelar heime på den tida. Nokre hadde VHS-spelar, særingane hadde Beta og avvikarane hadde Video 2000. Me andre leigde moviebox.

Hadde me ekstra mykje pengar, kunne me kjøpa oss pølse i brød. Som var stor stas i ei tid der kaféar elles berre hadde to ting på menyen: Kjøtkaker og rundstykke med kvitost og paprika. Nymotens ting som biffsnadder og cabaret var ikkje kome enno. Og ei pølse gjorde godt når me skulle gå heim att. Movieboxen vog nemleg fjorten kilo, og var såleis tung å drassa med seg gjennom ein meter snø. Spesielt sidan me i tillegg bar på det som føltes som åtte kilo smågodt. Det einaste som på den tida var tyngre enn ein moviebox, var den store glasflaska med ein liter cola som me hadde spart til filmen.

Det tok som oftast ein time å få movieboxen til å funka og å kopla den opp til fjernsynet på 17 tommar. Det første som dukka opp på skjermen, var den setninga som vart mest lese på heile åttitalet: «Husk at på alle videospillere finnes det en tracking control».

Å fikla med tracking controlen skulle sikra best mogeleg bildekvalitet. Men det var som å prøva å laga gourmet-mat av Spaghetti à la Capri: Du kan streva så mykje du berre vil, ein får ikkje gull av gråstein. Og i dette tilfellet var gråsteinen VHS-formatet. Biletet var uklart og hakkete, og det vart ikkje betre av at videokassettane som stod i hyllene på kioskane gjerne var fem år gamle. Ekstra mykje støy på biletet var det i alle scener med antydning til ei naken rumpe eller ei tredjedels pupp. Dei scenene hadde folk spolt så mykje tilbake for å sjå fleire gonger at videokassetten var heilt utslitt.

Etter å ha sett ferdig filmen, måtte me baska oss fram i det som då var halvannan meter snø og levera tilbake film og moviebox. Men det var null problem å forsera utfordrande terreng, for me følte oss alle som Sylvester Stallone etter å ha sett litt for mange, litt for tøffe filmar.

Så om du i dag tykkjer at me i generasjon X er litt for hardbarka og skumle, er det fordi me har sett for mange tøffingar på film. Tilstrekkeleg tøffe var me likevel ikkje - me klarte aldri å manna oss opp til å spørra om dei sagnomsuste blåfilmane som visstnok alle videokioskar hadde under disken. Dei einaste som var tøffe nok til slikt, var dei som berre såg Chuck Norris-filmar. Men skal du finna dei tøffingane i dag, må du ringa fengselet. Og då bør du vita at den kriminelle løpebana deira byrja med at dei ikkje spolte tilbake videokassetten etter bruk.

Kyrre Styve, journalist i Vestnytt

Vil du ha ei meir tørr og sakleg oppsummering av kor tøft tidlegare generasjonar har hatt det, kan du sjå på denne videoen: