Arne Ulvolden har lagt ut på ei ny reise saman med barnebarnet Samuel Massie. - Eg har endra meg totalt takka vere Samuel og reisene våre. Eg bryr meg ikkje lenger om kva folk meiner om meg, men freister heller å gjera så godt eg kan. Dermed er eg mykje meir fri - og eg lever meir, og betre, seier 84-åringen. Denne veka byrja serien om den nye reisa på TV2. Foto: TV2

Bestefaren frå Hellesøy på nye eventyr

Arne Ulvolden frå Hellesøy har på nytt reist verda rundt med eit filmkamera på slep. 84-åringen er glad han på sine eldre dagar har lært å leva livet fullt ut.