Retningslinjer for kommentarfelt

Vestnytt ønskjer å bidra til eit godt debattklima og ein engasjerande debatt både i kommentarfeltet til artiklane våre og på sosiale medier. Difor oppmodar vi debattantar om å følgja retningslinjene våre.

  • Redaksjonen
Publisert:
Denne artikkelen er over seks år gammel
  • Du må bruka fullt namn når du kommenterer.
  • Hald deg til saka. Alle innlegg skal tilføra noko i debatten. Innlegg som handlar om noko heilt anna enn temaet som er oppe eller som er uforståelege, kan bli sletta. Det gjeld også spam og reklame.
  • Grove eller obskøne personkarakteristikkar, truslar, trakassering, injurierande ytringar, hatefulle utsagn og oppfordring til vald blir ikkje akseptert.
  • Husk at mange les det du skriv. Vis folkeskikk og respekt for andre, også når du er usamd i det dei seier.
  • Vestnytt les og modererer jamnleg kommentarfelta både på Facebook og på artiklar. Dersom du bryt retningslinjene, risikerer du at kommentaren din blir sletta.
  • Om natta er kommentarfelta på vestnytt.no stengt.
  • Vi gjer merksam på at du personleg er juridisk ansvarleg for det du skriv i kommentarfelta. Det gjeld både innlegg på nettsida til Vestnytt og på Facebook-sida vår.
  • Brukarar som bryt retningslinjene våre gjentekne gonger, kan bli utestengt.

På førehand takk for gode innlegg!

Publisert: