GLER SEG: Espen Marthinussen i Marth Frisørsalong og Maren Hesjedal i Soma Interiør & kafé ser fram til nye samarbeidsmogelegheiter på Solsio. Foto: Karoline Rage

Espen skal få «mancave» på Solsio – Marth Frisørsalong skal framleis vera på Temahuset, men eg har lenge hatt ein draum om å starta barbersalong med motefrisyrar og skjeggklipp. Ein ekte mancave! Då Solsio dukka opp, måtte eg gripa sjansen og satsa, forklarar frisør og eigar, Espen Marthinussen.

Førebels har han ikkje bestemt kva barbersalongen skal heite, og han er på jakt etter to-tre nye tilsette som vil jobba på Sotras mest trendy salong. Gjerne menn.

– Vi er framleis tidleg i prosessen, men lokalet er på 45 kvadratmeter og skal spesialisera seg på menn. Skjegg har kome for å bli, og må stellast på lik linje med hår. Det skal vera ei oppleving å klippa seg hos oss, seier Espen.

5-ÅRSJUBILEUM I NYE LOKALE: På Solsio får Maren Hesjedal og Soma-kundane 300 kvadratmeter å boltra seg på. Endeleg blir det uteservering! Foto: Karoline Rage

Soma Interiør feirar fem-årsjubileum i nye lokale

Det var butikknabo Maren Hesjedal som lokka med seg Espen til Solsio. Heilt sidan konseptet hennar Soma Interiør opna i 2017, har Espen vore ein av hennar beste lunsjkundar. Klart han måtte vera med på flyttelasset!

– Eg synes det er veldig kjekt at han skal vera med, og håpar at vi klarar å skapa noko spesielt på Solsio. Soma skal servera kaffi til frisør-kundane hans, men vi skal også ha andre arrangement i lag, fortel Maren.

I løpet av fire år har Soma vakse seg ut av Temahuset. Butikken er for liten, kafeen er for liten og lokalet er alltid fullt. På Solsio får Maren og kundane 300 kvadratmeter å boltra seg på, og det blir endeleg rom for uteservering, noko ho har sakna ei stund.

– Mange av kundane er skeptiske til at vi skal flytte. Noko av det dei liker best med Soma, er at det er koseleg, intimt, heimekoseleg og lite. Denne stemninga vil eg gjerne behalde i den nye butikken, og eg tenkjer mykje på kva det er som gjer det koseleg her, for å kunne gjenskapa det, seier Maren.

Ho gler seg til å planleggje korleis lokalet skal sjå ut med nytt kjøken, golv, tapet og stort lagerrom.

– Her får eg ta del i heile prosessen. Dette er ei veldig stor investering for oss, og vi satsar på mange måtar heilt på nytt. Dersom alt går etter planen, kan vi ha opning og feiring av 5-årsjubileum i nye lokale, fortel Maren, som skal tilsetje ein ny kjøkkensjef til hausten.

OPNAR MANCAVE: Til neste år kjem eit nytt hårkonsept på Solsio, som Espen Marthinussen lenge har drøymt om å starta. Dette blir ein barbersalong med motefrisyrar og skjeggklipp, ein ekte mancave! Foto: Karoline Rage

Susanne (22) har kjøpt sin første leilegheit

På Solsio skal det også byggast 25 leilegheiter, som er plassert bak næringsbygget der Soma Interiør og barbersalongen skal vera. No er tretten av leilegheitene selde, og Susanne Husebø Seter (23) var ein av dei første kjøparane.

– Eg har budd heime på Straumsfjellet fram til no. Det er kjekt å kjøpa noko nytt med fastpris og sleppe bodkrig. For meg var dette ein enklare måte å komme inn på bustadmarknaden, seier Susanne, som studerer til å bli grunnskulelærer på Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Ho slo til på førehandssalet, og sikra seg leilegheit i fjerde etasje på 55 kvadratmeter med balkong.

– For meg var det viktig å bu på Straume, at det er ein toppleilegheit og at det var eit fint område utanfor med både park og kafé. Familien min bur berre eit steinkast unna, og eg jobbar deltid på informasjonen til Coop Obs på Sartor Storsenter, fortel Susanne.

Ho har spart til leilegheit sidan ho begynte å jobbe, og synes det er kjekt å kunne klara seg sjølv.

HAR KJØPT LEILEGHEIT: Susanne Husebø Seter og Siren Edvardsen gler seg til å bli naboar. Foto: Foto: Karoline Rage

Flyttar frå hus til lettstelt leilegheit

I 28 år har Siren Edvardsen (59) budd i eit hus i Lonavegen. Nyleg slo ho til på ein treroms med solrik altan i tredje etasje.

– Eg ville bu sentralt, men ha noko som var litt enklare å halde. Heile familien min bur på Sotra, og for meg var det viktig å ha god plass til barnebarna når dei kjem på besøk, fortel Siren.

Ho køyrer forbi Grønamyrvegen kvar dag, og fekk såleis med seg at Solsio-prosjektet var starta.

– Dei beste leilegheitene gjekk fort, så eg kasta meg i det. Eg likar at bygget er tilbaketrekt, vestvendt og nært alle fasilitetar. Nabolaget blir ei blanding mellom unge og eldre, og det trur eg blir veldig fint, seier Siren.

Etter planen skal dei 25 leilegheitene stå innflyttingsklare i fjerde kvartal 2022. Då blir det jul på Solsio!

SOLRIK: Solsio ligg i Grønamyrvegen, aust for Sartor Storsenter. Sartor Maskin står for bygginga, medan Liegruppen og Kåre Bjorøy står for utviklinga. Les meir ved å trykke på lenka under