– Mobilen hennar er enten gått tom for straum eller på anna måte brote med nettverket. Den er ikkje fysisk slått av, seier innsatsleiar Casper Kaland, like etter eit briefingmøte med dei frivillige ressursane.

Tok buss

Siste mobilsignal slo inn på sendaren ved Fjell festning klokka 10.50 i går. Politiet jobbar ut frå ein teori om at Elina Brandt-Hansen berre 20 minutt før, klokka 10.30, skal ha tatt bussen frå Klokkarvik. Denne bussen skulle gå til Skogsskiftet terminal, og billetten var gyldig innanfor buss-sonen til Kolltveittunnelen.

Like før midnatt natt til torsdag blei ho meld sakna av familien.

– Vi veit at ho tidlegare har fotografert og gått mykje turar i området rundt Tellnes. Vi trur ho har hatt kamera med på denne turen, seier innsatsleiaren.

– Hypotesen vi jobbar ut frå er at ho har gått tur for å ta bilde og at noko har tilstøytt henne. Så vi har no starta opp eit søk området rundt Tellnes.

SAKNA: Elina Brandt-Hansen (62) Foto: Pricat

Full styrke

Politiet og frivillige ressursar inkludert Norsk folkehjelp, Sivilforsvaret, Røde Kors og Norske redningshunder er med vidare i søket. Også politiets hundrepatrulje er med.

Redningsskøyte og redningshelikopter er også med i søket.

Leitemannskapar er no i området kring Tellnes og næringsparken.