Påkøyringa skal ha skjedd like ved avkøyringa til Fjæreide.

– Det er så langt uklart kva retning bilane var på veg, men det er to bilar som er involvert. I bilen som vart påkøyrt sat det tre personar, seier politioverbetjent Per Algrøy.

Ulukka vart meldt inn til politiet klokka 14.28. Det skal ikkje vera snakk om alvorleg personskade.

Det var mogeleg for trafikken å koma forbi ulukkesstaden i eitt felt. Politi og ambulanse rykka ut til staden.