Klokka 09.34 melde politiet sin operasjonssentral at det stod eit vogntog farleg til i Damsgårdstunnelen, retning sentrum.

Politiet rykka ut, og konstaterte at det var dekkbyte på gang. Vogntoget trong to nye dekk. Ifølgje politiet har episoden ikkje ført til trafikale problem.

Klokka 11.15 melder operasjonssentralen at vogntoget blir eskortert ut av tunnelen.