Dei siste dagane har det vore eit omfattande søk etter den 62 år gamle kvinna Elina Brandt-Hansen, som vart meld sakna av familien natt til torsdag.

Politi og fleire frivillige organisasjonar har bidratt i søk i Sund og Fjell. Fredag melder politiet at dei har gjort funn av ein død person, og at det er grunn til å tru at det er den sakna dei har funne.

– I forbindelse med søk er det blitt funnen ein død person på vestsida av Skjergardsvegen ved Kolltveit. Vedkommande er ikkje formelt identifisert, men vi har grunn til å tru at det er den sakna, fortel Vibeke Næss i Vest politidistrikt.

Vidare søk er difor innstilt, og politiet rettar ein stor takk til alle frivillige mannskapar som har vore med i søket.

Familien til Brandt-Hansen er varsla om funnet.

BUSSTOPP: I dette området ved Kolltveit trur politiet at den sakna kvinna gjekk av bussen. Foto: Erlend Kristiansen