Kolltveittunnelen vart stengt klokka 12 onsdag, på grunn av stein i vegbana.

Det var Vegtrafikksentralen som melde dette. Politi og entreprenør rykka ut, og tunnelen vart opna att etter få minutt.

Ifølgje Vegtrafikksentralen var det ein lastebil som strødde om seg med stein både i og utanfor tunnelen.

Klokka 12.21 melde politiet at dei har kontroll på lastebilen.

– Steinane skal ha ført til skader på andre køyretøy. Me har oppretta sak på forholdet, men har ikkje tatt førarkortet frå sjåføren, seier politioverbetjent Per Algrøy.

Kolltveittunnelen på riksveg 555 er 1070 meter lang, og opna i 1992.