Dei siste dagane har Øygarden, Sotra og bergensområdet blitt skjemt bort med sol og deilige temperaturar. Torsdagen ettermiddag toppa det seg når kvikksølvet viste opp mot 27 grader, og Bergen var varmast i landet.

Meir regn

Sjølv om det vêret har vore meir ustabilt sidan då, har ein likevel kunne nytt fine temperaturar. Og avslutninga på helga blir også ganske fin med sol og «fare for» temperaturar opp til 23 grader i følge yr.no.

Spørsmålet er om dette vil vare. Vi spelte ballen over til metereolog Mariann Foss ved Metereologisk Institutt.

– Denne helga har jo vore bra med temperaturar over 20 grader. Over helga er vêrutsiktene litt meir ustabile. Mandagen blir det ein skya vêrtype med lite sol. Det er meld ustabil luft med byger med fare for regn. Tysdagen held fram med litt regn og eit litt lettare skydekke.

Brukbare temperaturar

Temperaturane vil falle under 20-talet, men vil framleis vere nokolunde fine med 17–18 grader på det meste.

Det litt ustabile vêret med «brukbare» temperaturar vil halde fram gjennom veka, spår metereologen.

– Fram til torsdagen ser det temperaturmessig bra ut, men også her er det fare for regnbyger.

FINT: Det er fortsatt moglegheiter for fine solnedngangar Foto: Inger Elise J. Økland (arkiv)