Frå måndag av kjem ivrige Vestnytt-lesarar til å merka at dei må vera abonnent for å få lesa dei aller fleste artiklane på vestnytt.no. Målet er å leggja 80 prosent av stoffet vårt bak den såkalla betalingsmuren.

Då Vestnytt starta nettutgåve for mange år sidan, gjorde vi det halvhjarta og utan nokon betre strategi enn at vi måtte vera der på det store internettet, der dei store var. Vestnytt var rett nok ei av dei første lokalavisene som hadde nettavis, men det kunne ofte gå dagar utan oppdatering. Vi hadde også ein idé om at dei beste sakene ikkje skulle publiserast på nettet, og i alle fall ikkje før saka hadde stått på trykk.

Vi ikkje berre intervjuar naboen din i avisa, no kan du også høyra han le og sjå han dansa.

Grunnen til denne motviljen handlar sjølvsagt om at vi ville hegna om journalistikken og dei betalande lesarane våre. Kvifor skulle vi gi bort stoffet vårt gratis på nett, samstundes som vi bad om betaling frå abonnentane?

Men det siste halvtanna året har vi satsa tungt for å få ei nettavis som er moderne og oppdatert. Står bussen din bom fast i kø, skal du finna forklaringa på vestnytt.no. Vi har utvikla oss digitalt, vi har fast netturnus og publiserer no til dømes video og interaktiv grafikk til sakene våre på nett. Vi ikkje berre intervjuar naboen din i avisa, no kan du også høyra han le og sjå han dansa.

Då vi starta nettsatsinga for alvor, var målet først og fremst å få flest mogleg av dei eksisterande lesarane våre til å oppdaga at vi ikkje lenger er lus på den digitale tjørekosten. Målet er også å få stadig nye lesarar. Framleis er det slik at den store andelen av annonseinntektene våre ligg i papiravisa. Difor gjer vi også vårt ytterste for å laga ei så god og spennande papiravis som vi kan. Vår spådom er at lokalavisene kjem til å leva lenger på papir enn både dei nasjonale og regionale avisene.

Det er ingen som sutrar over at matbutikken har innført betalingsmur når dei ikkje får ta med seg brød frå butikken utan å leggja att nokre kroner

Men trenden er klar i heile mediebransjen: Store internasjonale aktørar som Google og Facebook tar ein stadig større del av annonsemarknaden, også lokalt. Difor ligg framtida også for lokalavisene i å utvikla seg digitalt.

No har vi så stor trafikk på nettsida vår at det er attraktivt for kundar å annonsera der. Difor er det no på tide å behandla innhaldet vårt som så eksklusivt og verdifullt som vi meiner det er, og ta betalt for det.

Mange avishus testar for tida ut ulike modellar for betaling for innhald. Somme tar betalt per artikkel, og det finst ulike abonnementsmodellar. No har Vestnytt fått på plass eit reint digitalt abonnement, noko som betyr at ein kjem rimelegare frå det om ein takkar nei til papiravisa i postkassen.

Det er ingen som forventar å få reisa gratis med bussen eller få klipt håret sitt gratis hos frisøren. Det er ingen som sutrar over at matbutikken har innført betalingsmur når dei ikkje får ta med seg brød frå butikken utan å leggja att nokre kroner.

Vi satsar på at lesarane av vestnytt.no også ser at journalistikk har ein verdi som det er verd å betala for. Det er du som er abonnent, som held lokalavisa i live. Takk for at du er med oss!