Skal Tine snart laga vanskelegmelk?

Får japanarar som har vore på fest baklus?

Går ein fløyten dersom ein trakkar i krem?

Skjedde det nokon gong at Indigo tok nokon med?

Kor mange snes går det på ein smal veg?

Kvifor ser ein dobbelt og ikkje 1,7 gonger?

Var Alberg Åberg eigentleg fantasivenen til Skybert?

Kva hender eigentleg i svigermors draum?

Går det an å krabba i gløymeboka?

Dersom tran er så enormt sunt, kvifor går kvalane på grunn og døyr?

Kor er hestane til Jedi-riddarane?

Har eigentleg kyrkjerotter mindre pengar enn andre gnagarar?

Har sokneprestar prostata?

Likar vanlege ender å symja, eller er det berre badeender som gjer slikt?

Kan elefantar som ikkje likar leverpostei gå i kjøleskåpet utan å etterlata seg spor?

Kan lufta springa ut av ballongen?

Korleis kan foreldre vita sikkert at det ikkje er eit monster under senga?

Er me eigentleg sikre på at støvklumpane ikkje er hybelharar?

Er verkeleg majorar meir klossete enn oberstar?

Får også floger i taket med seg kva folk snakkar om?

Har dei kaffipause på te-fabrikkar?

Blir suppegjøkar sure dersom det ikkje er floge i suppa?

Kva er postadressa til korinterane?

Seier single fiskar at det er mange menneske på overflata?

Kva farge blir smurfar når du kveler dei?

Spelar Peter Pan fløyte?

Kor mange var det som faktisk drog til Scarborough Fair?

Dersom Nobels fredspris skapar fred, burde vel Nobelkomiteen få prisen?

Funkar det å knivstikka motoren, eller må du kvela den?

Finst det folk som rusar seg på stengt gate?

Snublar grisane når ein strør perler for svin?