Du som listar opp «Livets harde skole» som utdanning på Facebook-profilen din. Du som diskvalifiserer forskarar, politikarar og kommentatorar fordi dei ikkje har kontakt med det verkelege liv. Du som brukar sosiale medium og prat på puben til å rakka ned på alle ekspertar. Tenk gjennom dette:

Også professorar har spelt kanonball i gymtimane og kasta stein på sjøen.

Også Albert Einstein måtte slita seg opp om morgonen og hutra seg gjennom regnet på veg til jobb.

Også legar må slita med papirmølla i Nav dersom dei blir langtidssjukmelde.

Også Torbjørn Røe Isaksen har strevd med å rekka å henta ungane i barnehagen.

Også byråkratar kan få skiveprolaps og leva i smertehelvete.

Også økonomar kan blakka seg når dei fyller bensintanken.

Også fjellpolitikarar har stått i kø på Sotrabrua.

Med andre ord: At du har vore gjennom livets harde skole, gjer deg ikkje særskilt kvalifisert til å vita kor skapet står. For livets harde skole har alle vore gjennom. Men enkelte har i tillegg tatt anna utdanning og skaffa seg ein ekspertise som er med på å bringa samfunnet framover. Og då er det som oftast verd å høyra på kva dei har å seia, og å vera open for at dei kan ha nokre gode poeng.

Men sidan eg ikkje skriv dette i caps lock, veit eg at du ikkje kjem til å tru på det uansett.