Kor fort er eigentleg svint?

Sidan makrell i tomat-boksane har bilete av makrellar, kva er eigentleg innhaldet i leverpostei-boksane med ein gut utanpå?

Har Radiohead gått over til DAB-radio?

Kan ein trykkja på snooze-knappen dersom ein vekkjer oppsikt?

Fekk Golda Meir?

Drikk Per Ståle Lønningspils?

Er det bra å vera prikken over j-en?

Dersom skoen til Askepott passa så perfekt, kvifor mista ho den?

Kor kan eg låna den der ungdomsserien til NRK? Eg eig nemleg ikkje Skam.

Sjukepleiar tiden alle sår?

Kva hus skal eg ringa på hjå dersom eg skal til familien Friedland?

Kjører folk el bil i Mexico?

Om ein festar ei brødskive med pålegget opp på ryggen av ein katt, og dyttar katten utfor bordet, landar katten likevel på beina?

Dersom ein trost tar Danskebåten i storm, blir han då sisik?

Korleis veit tenåringsforeldre korleis eit bomba horehus ser ut?

Får alkoholiserte nattevaktar natta derpå?

Er ein eigentleg svolten dersom ein berre et ein halv hest?

Dersom ein stirrar på ein konkylie, kan ein sjå havet?

Kvifor melder stadig brannvesenet om full fyr i ein bygning, når det finst minst like mange fulle damer?

Kor drar eigentleg monnene til?

Kvifor kan ikkje eg vera kvinne, når Aud Schønemann?

Finst det marihaner?

Når Gulen fekk skulda for kuppforsøket i Tyrkia, betyr det at Masfjorden er uskuldeg?

Har appelsiner lyst til å bli juice, eller blir dei pressa til det?

Dersom ein kamel er bråkete, får han på begge puklane?

Bader Meinhof også når det er kaldt i vatnet?

Høyrer blinde mørkt på det?

Kvifor smakar raudvin mørke bær, plomme, hestesal, sjokolade og murstein? Er det ingen raudvinar som smakar drue?

Kvifor sveljer ikkje politikarar dromedarar?

Finst det nokon i Trump-administrasjonen som har band til USA?