Trafikkulukke på Tellnes

Ein buss og ein taxi er involvert i ei trafikkulukke på Tellnes.

Ulukka har skjedd på fylkesveg 555 ved Tellnes. Naudetatane er framme, melder operasjonssentralen hjå Vest politidistrikt.

Brannvesenet er framme på staden og 110-sentralen melder at ingen er fastklemte.

- Når det gjeld personskadar skal det vera ein passasjer i drosjen som klagar over nakkesmerter. Ingen av passasjerane i bussen skal vera skadd, men me har ikkje full oversikt over talet på passasjerar enno, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnor i Vest politidistrikt.

Det skal ikkje vera trafikkale problem på staden, då både buss og taxi er ute av vegen.

- Ulukka skjedde ved busstoppet på austsida av fylkesveg 555, vis a vis innkøyringa til Tellnes næringspark, opplyser Rebnor.

Politiet sende fleire patruljar mot staden då det var fare for mange involverte, men den lokale patruljen har gjeve beskjed om at dei greier seg åleine.

- Det tyder på at omfanget er relativt lite og er alltid eit godt teikn ved ulukker, seier Bjarte Rebnor.

o