På leiting etter framtida

  • Sandra Espedal Jensen (frå venstre), Regine Bergesen og Julia Ryskowska høyrer kva Forsvaret har å by på av utdanning og karriere.

    FOTO: Kyrre Styve

  • Det er gøy å leika seg med kjemi. Sotra vidaregåande skule var sterkt representerte med stands og duppedittar.

    FOTO: Kyrre Styve

  • Anders Mikalsen, Håkon Møgster og Sander Hauge sjekka ut kva brannvernet hadde å by på.

    FOTO: Kyrre Styve

  • Brannvernet viste fram varmesøkande kamera på yrkesmessa. Også politiet var synles til stades.

    FOTO: Kyrre Styve

  • Når ein skal fortelja om helsefag, er det greit å visa kva mekanikk ein jobbar med.

    FOTO: Kyrre Styve

- Det viktigaste er å finna eit yrke ein trivst i. Men lønsnviået er jo viktig det og, seier Julia Ryskowska. Fleire hundre elevar var nyleg på yrkesmesse for å peila ut framtida.


- Ein må trivst med det ein jobbar med, seier Julia Ryskowska.

Ho er på den store yrkesmessa i Sotra Arena saman med venninnene Sandra Espedal Jensen, Regine Bergesen og Ida Solsvik. Tiandeklassingane frå Fjell ungdomsskule må snart bestemma seg for kva skule dei vil inn på.

- Eg har lyst til å jobba med noko innan økonomi. Det har eg visst i tre år no. Eg har alltid vore veldig glad i matematikk, seier Julia, som rettar seg inn mot å gå på BI.

Usikre

Mange andre på yrkesmessa var langt meir usikre på vegval.

- Eg veit ikkje kva eg skal bli. Eg har tenkt litt på Forsvaret, men er usikker, seier Sandra.

Regine vurderer å bli sjukepleiar. Også Ida tenkjer i den retninga.

- Eg vurderer å bli jordmor, seier Ida Solsvik, som meiner at yrkesmessa er til god hjelp når dei skal velja.

Lærer på skulen

Den årvisse messa vert arrangert av Rotary, med utstillarar frå ei rekkje vidaregåande skular og yrke som politi og brannvern. Det vrimla av ungdom som prata med vidaregåande-elevar og lærarar. Elevane frå Fjell ungdomsskule kom ikkje på messa med blanke ark, dei har valfag utdanning.

Har du lyst å bli bilmekanikar? På yrkesmessa kunne ein sjå komponentar i miniatyr-format.

Har du lyst å bli bilmekanikar? På yrkesmessa kunne ein sjå komponentar i miniatyr-format.

FOTO: Kyrre Styve

- Der får me mykje kunnskap, seier Julia.

Det er mykje ein må ta stilling til når ein er 15 år. Utdanningsvala ein gjer då, kan forma heile resten av livet. Det handlar heller ikkje berre om kva yrke ein likar, men også om geografi. Skal dei gå på vidaregåande på Bildøy, i Skogsvåg eller kanskje i Bergen?

- Eg er usikker. Dei beste tilboda ligg gjerne langt vekke. Eg får sjå kor eg kjem inn, seier Sandra.

Foreldra lite å seia

Jentene er samde om at foreldra si utdanning og yrke ikkje har så mykje å seia for valet.

- Eg vel nok noko heilt anna enn dei, trur Julia.

- Eg har ikkje peiling på kva eg skal bli

Tiandeklassingane har kort tid på seg. Men det var også mange niandeklassingar på yrkesmessa, og dei har over eit år på seg til å bestemma seg.

- Eg vurderer elektrofag/data, seier Sander Hauge, som går i niande på Fjell ungdomsskule saman med Håkon Møgster og Anders Mikalsen. Dei pratar med politimenn og brannmenn og synest at messa er nyttig.

- Eg har ikkje peiling på kva eg skal bli, men eg trur yrkesmessa er til hjelp, seier Anders.