Helga blir iskald

  • Det blir mykje frost men lite snø i helga. (Illustrasjonsfoto: Elise Årdal)

Det kan bli ned mot ti minusgrader.

Lågtrykka står i kø dei næraste dagane, med mildver og regn. Men til helga snur det heilt.

- Då flyttar lågtrykka seg lenger sør, og det trekkjer nordavinden ned mot bergensområdet, seier meteorolog Ine-Therese Pedersen ved meteorologisk institutt.

Minus ti

Fredag vil temeraturen synka kraftig, slik at det blir minusgrader.

- Laurdag kan det henda det kjem opp i plussgrader på dagen, men så blir det kaldare att. Søndag blir det veldig kaldt, seier ho.

«Veldig kaldt» betyr i dette tilfellet ned mot minus ti grader. Meteorologane kan heller ikkje utelukka at det faktisk blir endå kaldare. Men det er lite håp om skigåing og aking. Til gjengjeld blir det prima turver for dei som har ullundertøy og taklar litt vind.

Ikkje snø

- Det blir klarver. Det er noko av årsaka til at det blir så kaldt, fordi ein då får ekstra avkjøling om natta. Det kan koma litt byger, men dei held seg truleg uti havet, seier meteorologen.

Kuldeperioden blir uansett kortvarig.

- Allereie måndag blir det mildare att, seier Ine-Therese Pedersen til Vestnytt.

o