Grov opp feil grav

  • Aslaug Nesse er i høgste grad levande, og fekk sjokk då ho såg at grava hennar var klargjort lenge før tida.

Aslaug Nesse deltok i ei gravferd frå Fjell kyrkje. Då dei kom på gravplassen, oppdaga ho at det var hennar grav som var grave opp og gjort klar.

- Vel er eg 83 år, men eg tykte det var vel tidleg, seier Aslaug Nesse.

- Eg er ikkje heilt klar enno.

Ho står ved sida av grava ho har kjøpt for å få liggja saman med mannen hennar, som gjekk bort i 2012. Der er alt gjort klart til å senka ei kiste ned. Men Aslaug er høgst levande.

- Eg er ikkje heilt klar enno, seier ho.

Oppstusset fann stad tysdag føremiddag. Aslaug deltok i ei gravferd, og då kista skulle berast til grava vart det noko forvirring.

- Eg kommenterte at dei hadde grave der mine ligg, seier ho.

Grava som tilhøyrer den avlidne ligg på ein heilt annan kant av gravplassen ved Fjell kyrkje. Aslaug oppdaga etter kvart at det var hennar eiga grav som var grave opp og gjort klar.

- Eg forstår ikkje heilt korleis det går an å gjera slike feil, seier ho.

Aslaug Nesse tek det med rimeleg godt humør, men tenkjer og på at det må ha vore ei ekstra påkjenning for dei næraste til den avlidne.

- Det går ganske bra, seier Aslaug.

Medan ho viser fram det djupe holet der Aslaug si framtidige grav ligg, er gravfølgjet framleis på gravplassen. Av di feil grav var klargjort, fekk dei først ikkje senka kista i jorda. Etter ein kort seremoni ved grava, gjekk følgjet inn i kyrkjelydshuset. Så vart den rette grava grave opp i full fart, før gravfølgjet kunne returnera til gravplassen og senka kista ned.

Tilbake står Aslaug og ser på det altfor tidlig oppgravde holet ved sida av mannen hennar si grav.

- Eg fekk no litt sjokk, det kjem vel til å koma i bølgjer. Eg har no tenkt å venta litt før eg treng grava, seier Aslaug Nesse til Vestnytt.

Vestnytt har så langt ikkje lukkast å koma i kontakt med representantar for Kyrkja i Fjell.