CCB går mot kraftig nedbemanning

  • Riggoppdraga blir endå viktigare for CCB no som Statoil flyttar forsyningsverksemda si frå Ågotnes til Mongstad. Det skjer tidlegare enn CCB og dei tilsette hadde håpa på. I verste fall går over hundre arbeidsplassar tapt berre i CCB som følgje av flyttinga.

    FOTO: Marit Kalgraf (arkiv)

Dei 240 tilsette ved Coast Center Base på Ågotnes fekk i går beskjed om at bedrifta i løpet av året truleg må ned i 135 tilsette. Årsaka er at Statoil flyttar til Mongstad.

 

Dersom CCB ikkje klarar å få på plass ny aktivitet som erstatning for Statoil, går over hundre arbeidsplassar tapt i løpet av året som kjem.

Frå 242 til 135

Dei første signala om at Statoil ville flytta forsyningsverksemda si frå Ågotnes til Mongstad, kom i fjor haust. I prosessen har administrerande direktør Kurt Andreassen på CCB gjort sitt beste for å få lengst mogleg tidshorisont på flyttinga. Slik ville CCB fått tid på seg til å skaffa ny aktivitet på basen.

Men i går fekk dei tilsette stadfesta det dei helst ikkje ville høyra, sjølv om ryktet har gått ei stund. Statoil flyttar frå Ågotnes alt til neste år.

- Vi har no gått gjennom bemanningsbehovet vårt etter at Statoil har flytta. Det går ned frå dagens 242 tilsette til 135, seier Kurt Andreassen. Av dei 242 som jobbar i CCB i dag, er det rundt 210 fast tilsette. Dette betyr at over hundre arbeidsplassar etter alt å døma går tapt på CCB i løpet av neste år, og mange av desse er faste stillingar.

Går usikker tid i møte

- Men dette er worst case. Vi planlegg for å betra situasjonen, seier Andreassen. Håpet er at han skal få på plass annan aktivitet på basen som erstatning for Statoil.

- Men Statoil-flyttinga betyr nedbemanning, det unngår vi ikkje. Vi hadde håpa vi skulle få betre tid på oss, seier Andreassen.

CCB-sjefen understrekar at Statoil ikkje flyttar fordi dei er misnøgde med CCB.

- Dei har gjort sine analysar og flyttar for å endra seglingsmønsteret. Dei må gjera det beste ut av sin situasjon, seier Andreassen. Også Statoil er inne i ein fase med nedbemanning og effektivisering.

- Vi går ei usikker tid i møte, men vil handtera denne situasjonen så godt vi kan, seier Andreassen.

Tidlegare enn forventa

Kor mange som faktisk må gå og kven som mistar jobben, er ikkje bestemt. Det er likevel klart at nokre avdelingar i CCB blir hardt ramma, medan andre slepp unna nærast urørt. Det seier seg sjølv at det er dei avdelingane som har mykje med Statoil å gjera, som er mest utsette.

- Dette skjer tidlegare enn vi forventa. No er det alvor, seier hovudtillitsvalt Elna Nybakk i Industri Energi. Rundt 115 av dei tilsette på CCB er organiserte her, mange av dei er truckførarar, lagerarbeidarar, kranførarar og tilsette på kaiane.

- Nokre av dei tilsette er svært bekymra, andre trur på at CCB drar i land annan aktivitet. Eg trur kanskje situasjonen søkk litt meir inn no etter møtet, seier Nybakk, som sjølv er på jobbreise.

Smertefullt for enkeltpersonar

Ho slår fast at 2015 blir eit tøft år for dei tilsette.

- Dette blir svært smertefullt for enkeltpersonar. Mi viktigaste oppgåve er å ta vare på den enkelte og sørgja for at prosessen går best mogleg, seier Nybakk.

Samtidig som nedbemanninga skal gjennomførast, skal drifta gå som normalt, heilt til siste båt har gått frå kai. Også dei som blir att, skal ivaretakast.

- Det blir ei kjempeutfordring berre å koma i mål med prosessen, trur Nybakk.

Så langt synest ho leiinga har takla situasjonen bra.

- Eg har blitt teken med og har vore involvert så å seia i alt så langt, seier Nybakk.

Statoil-flyttinga får konsekvensar også for andre bedrifter enn CCB. Det er slett ikkje sikkert at alle dei Statoil-tilsette på Ågotnes kan eller vil flytta med til Mongstad. Mange underleverandørar av oljeselskapet har dessutan etablert seg på Ågotnes nettopp på grunn av Statoil.

- Flyttinga får ringverknader for fleire enn oss, slår Elna Nybakk fast.

Bilder

Administrerande direktør Kurt Andreassen i Coast Center Base (CCB) informerte i går ettermiddag dei tilsette om nedbemanningsutsiktene. FOTO: Marit Kalgraf (arkiv)

Hovudtillitsvalt Elna Nybakk på CCB konstaterer at bedrifta og dei tilsette går eit knalltøft år i møte. FOTO: Marit Kalgraf (arkiv)

Relaterte saker